aktuelt

Choose a Category
  • Litterær festkveld med Erik Fosnes Hansen 7. oktober kl 19.00

    Litterær festkveld med Erik Fosnes Hansen 7. oktober kl 19.00

    ERIK FOSNES HANSEN ER EIN FORFATTAR SOM INGEN ANDRE. HAN LET OSS VENTE LENGE MELLOM KVAR BOK, MEN NÅR FORTELJINGA FØRST KJEM, BERGTEK DEN LESARAR VERDA OVER.

    Denne hausten er han aktuell både med romanen ”Et hummerliv” og ved at den førre romanen hans, ”Løvekvinnen”, kjem på kinolerretet gjennom eit påkosta skandinavisk filmsamarbeid. Vi ser stort fram til å ta i mot forfattaren til ein litterær festkveld på Åmot operagard fredag 7 oktober. Han kjem saman med kona, Erika Fatland. Ho er også forfattar, men i ein annan sjanger. I reiseskidringa ”Sovjetistan” fortel ho om landa austover i det tidlegare Sovjetunionen: Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Skildringane rører seg mellom skattane i Samarkand og tristessen i sovjetarkitekturen, også med gripande menneskemøte.

    På Operagarden ynskjer vertskapet Steinar Sørli og Yngve Brakstad velkommen med eit godt glas drikke i Operalåven, før Erika Fatland tek oss med austover gjennom bilder og forteljingar frå reisa. Deretter ventar to-retters middag, slik berre det gode kjøkkenet på Åmot serverer den, med lokale råvarer og god vin. Kokk Thomas Holme Smådal, Ferske Smakar.

    Erik Fosnes Hansen sin nye roman ”Et hummerliv” handlar om Sedd, ein gut på grensa til vaksenlivet og om hotellet som er barndomsheimen hans. Året er 1982, og Fåvnesheim har lenge prøvd å gjere seg lekkert med både symjebasseng og minigolf bane. Likevel kjem ikkje turistane. Faren til Sedd var ein vikarlege med indisk opphav. Det siste han gjorde her i verda var å befrukte mora til Sedd, hotelldirektørdottera. Om mora veit han nesten ingenting, han hugsar lukta av ho og det reve raude håret, men det er alt. Det er bestemor frå Austerrike og bestefa og kokken Jim som er familien hans. Og det er desse tre, som saman med Karoline, ein ganske påtrengande og pågåande liten gjest, som utgjer grunnstammen i livet hans. Og så byrjar historia å rulle, fram mot ein slutt som tek pusten frå lesarane. Erik Fosnes Hansen les og fortel frå denne nye romanen sin, om forfattaskapen og skrivinga etter middagen i Operalåven.

    Både Erik og Erika signerer bøkene sine for sal til gjestene.

    I samarbeid med "Rom for ord" og Førde bibliotek.

    Billettar inkludert to rettars middag og velkomsdrikke.

    Billetter på ticketco. 

  • Åpen gardsrestaurant høsten 2016

    Åpen gardsrestaurant høsten 2016

    Fredag 30. september kl 20.00, Operalåven

    Fire retters middag inkludert drikkepakke* kr 1250,-/kr 1050,-
    Kokk Thomas Holme Smådal, Ferske Smakar

    Vinsmaking med sommelier Arne Egge fra kl 18.30. Kr 1650,- inkludert vinkurs med fire viner, fire retters middag, drikkepakke*.  

    Taxi t/r Firda Billag kl 18.30/19.30, kr 150,- . Minimum 10 reservasjoner før denne pris. 

    * 1 glass champagne, 3 glass oppgradert vin/lokal øl til middag, kaffe/te, avec.
    * Alkoholfripakke valgfri drikke 4 glass inkludert kaffe/te.

    Ledige rom i Villa, Operalåven og Tunhuset. Fra kr 2500,- for dobbeltrom med frokost. 

    Reservasjon steinar@operagarden.no

  • Musikalkonsert med Katrine Lunde Mackenzie 29.10 kl 19.00

    Musikalkonsert med Katrine Lunde Mackenzie 29.10 kl 19.00

    Songar frå teateret

    Katrine har funne fram det vakraste og beste innan musikalsjangeren, songar ho har plukka opp på vegen gjennom karrieren. Det vert perler frå kjende musikalar, men og songar frå dei nyare og mindre kjende musikalane. Saman med dyktige Helge Lilletvedt å piano, gler Katrine seg til å dele favorittsongane sine med dykk.

    Songane er henta frå Les Misérables, Yentl, Marguerite, Kristina från Duvemåla, Cabaret, Into the Woods, West Side Story, med også mange fleire.

    I Bergen har Katrine, saman med bl.a. Idun Vik og Helge Lilletvedt, i det siste hatt stor suksess med fenomenet» Musikaldigg». Ho har også hatt fleire engasjement ved SOFT dei siste åra. No sist i den mykje rosa framsyninga «Fjordmann» (2015).

    Billettar kr 385,-
    Tre rettars middag inkludert drikkepakke kr 850.-/650,- 

    Foto Paul Bernhard. 

    Taxi t/r Førde kr 160,- kl 18.00 med retur kl 23.30. 

    Billettar, middag og taxi kjøpes på www.ticketco.no

  • Ekstrakonsert med Eva Weel Skram 22.09

    Ekstrakonsert med Eva Weel Skram 22.09

    Vil du høyre Eva spele live på Åmot Operagard?
    Vil du smake Eva sin sjølvkomponerte tre-retters meny?

    Torsdag 22. september spelar Eva Weel Skram og Thomas Stenersen på Åmot Operagard. Konserten er ei generalprøve med tv-kamera før konserten fredag 23.09. Konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom Åmot Operagard, reklamebyrået Rein Design og NRK Sogn og Fjordane. Berre 70 billettar, som også inkluderer festmiddag, blir lagt ut for sal til denne heilt spesielle intimkonserten.Billettar kjøpast her. 

    Les meir om konserten på NRK Sogn og Fjordane si heimeside.

    Hovudsponsor Frydenbø Bilsenter AS, Førde.